Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Slovakia kjem ikkje lenger til å gi våpen til Ukraina, seier den nye statsministeren i landet Robert Fico.
Publisert: 26.10.2023 kl 11:53
Fico kunngjer dette dagen etter at han vart utnemnd som statsminister av president Zuzana Caputova.
Støtta til Ukraina vart eit tema i valkampen. Fico sa då at han vil gi humanitær støtte, men ikkje våpen, til Ukraina. Analytikarar var likevel usikre på om han faktisk kom til å gjere det.
Fico har styrt Ukraina tre gonger tidlegare og leier det sosialdemokratiske partiet Smer, som er omtalt som prorussisk. Han leier ein koalisjon med sentrums-venstrepartiet Hlas-SD og det nasjonalistiske og ope prorussiske partiet SNs.
Ifølgje Kiel-instituttet har Slovakia vore den 13. største bidragsytaren av militærstøtte til Ukraina målt i reine pengar.
Slovakia er den sjette største givaren til Ukraina målt mot BNP når både militær og humanitær støtte blir rekna med.
Valet i Slovakia vart følgt med spenning nettopp på grunn av tvilen om Ukraina-støtta. Slovakia deler grense med Ukraina og det er også uro for at landet skal nekte andre land å sende våpen til Ukraina via Slovakia.
Slovakias nye statsminister Robert Fico. Foto: Darko Bandic / AP / NTB