Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Seinare denne månaden opphevar nederlandske styresmakter kravet om at folk må halde 1,5 meters avstand. Samtidig blir det innført koronapass.
vaktsjef@ntb.no/kirsten.offerdal@npk.no
Publisert: 15.09.2021 kl 07:29
1,5-meterregelen blir fjerna 25. september. Det opnar for at fleire personar kan vere til stades på konsertar, teater, restaurantar og kafear, og fotballkampar kan arrangerast på fullsette stadion igjen for første gong sidan våren 2020.
Men frå same dato blir det obligatorisk å vise fram koronapass for å sleppe inn på restaurantar, sportsarrangement og kulturarrangement. Gjester må då bevise at dei har vorte vaksinerte, har testa negativt eller vorte friskmelde frå koronavirus.
– Dette er ikkje dagen då alt blir slik det var før koronaviruset. Det er framleis for mange smittetilfelle og for mange folk som blir lagde inn på sjukehus, seier statsminister Mark Rutte, som viser til at det er stor uvisse rundt korleis hausten utviklar seg.
Mange tiltak held fram med å vere som i dag, mellom anna munnbindpåbod på bussar, tog og flyplassar. Nattklubbar kan opne igjen, men må stengje ved midnatt.
(©NPK)
«Pappa vil på disko», står det på denne plakaten under ein demonstrasjon mot koronatiltak i Amsterdam tidlegare denne månaden. Foto: Peter Dejong / AP / NTB