Klargjør siden...

Små tvillingar døydde av overoppheting i USA

(NPK-NTB-AP): Ein 24 år gammal mann er arrestert i USA etter at han forlèt to 15 månader gamle tvillingar i ein glovarm bil nær Atlanta. Begge dei to små jentene døydde.

Tvillingane blei forlatne i ein firehjulstrekkjar utanfor ein bygard i Carrolton vest for Atlanta i Georgia torsdag kveld. Mora var ikkje heime.

Naboar oppdaga dei to jentene og tilkalla faren. Fleire kom til og prøvde å kjøle ned dei overoppheta tvillingane i eit barnebasseng.

– Ein av naboane henta også is i frysaren, fortel ein talsmann for politiet.

Livet til dei to jentene stod likevel ikkje til å redde og begge blei erklært døde då dei kom til sjukehuset. 24-åringen er no sikta for aktlaust drap.

26 barn har mista livet i overoppheta bilar i USA til no i år, og det er dobbelt så mange som på same tid i fjor. (©NPK)

Annonse