Annonse

«Smykkelova» splittar regjeringa

(NPK-NTB): Framstegspartiet meiner den danske «smykkelova» er rimeleg, mens statsminister Erna Solberg (H) seier det er heilt uaktuelt i Noreg.

«Smykkelova» inneber at dansk politi kan beslagleggje kostbare gjenstandar og pengesummar på over 10.000 kroner for å betale for opphaldet til asylsøkjarane.

Unntaket frå regelen er gifteringar og andre ting med stor affeksjonsverdi. For å bevise at gjenstandane har kjenslemessig betyding, må asylsøkjarane fortelje ei personleg historie.

– Dette er heilt rimelege krav som er i tråd med prinsippet om at ein må betale for seg når ein har høve til det, før ein får hjelp frå det offentlege. Menneske som for eksempel søkjer om økonomisk sosialhjelp, må realisere verdiar dei har før dei kan få hjelp, seier Frps innvandringspolitiske talsmann, stortingsrepresentant Mazyar Keshvari, til NRK.

Keshvari seier at partiet hans meiner Noreg bør innføre liknande innstrammingar, men får blankt nei frå statsministeren.

– Det er ikkje aktuell norsk politikk. Du kan vere rik og forfølgd ifølgje flyktningkonvensjonen. Det skal vere eit grunnleggjande prinsipp for vår behandling, seier Solberg til NTB.

Men ho understrekar likevel at asylsøkjarar i Noreg ikkje nødvendigvis skal ha tilgang på alle gratistenester i Noreg dersom dei har evne til å betale for seg.

Høgre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Kristeleg Folkeparti tar alle avstand frå «smykkelova». (©NPK)

Annonse