Annonse

«Snømannen» skal spelast inn i Oslo

(NPK-NTB): Kriminalromanen «Snømannen» av Jo Nesbø skal spelast inn i Oslo. Innspelinga startar i januar neste år.

– Eg kan fortelje at produksjonen av «Snømannen» er lagt til Oslo. Dette er noko eg har visst om ei stund, men ikkje har ønskt å fortelje utan godkjenning frå produksjonsselskapet. I natt fekk eg e-posten som informerte om at det var greitt å offentleggjere nyheita, seier den nyleg avgåtte kulturbyråden i Oslo, Hallstein Bjercke, til NRK.

Dermed skal politietterforskar Harry Hole vandre rundt i sitt heimlege Oslo, og ikkje i Stockholm, slik rykta lenge har fortalt om.

– Dei kjem til å starte produksjonen i første halvdel av januar. Dette betyr store økonomiske verdiar til byen Oslo, og det kjem òg til å skape mange nye arbeidsplassar for filmindustrien i byen, spår han. (©NPK)

Annonse