Snøskred-skadde hus rivne på Svalbard

(NPK-NTB): Det siste av dei elleve spisshusa i Longyearbyen på Svalbard som vart øydelagde i snøskredet i desember, er no rive.

Rivinga av bustadene starta i byrjinga av februar og har skjedd i samarbeid med dei pårørande. Tysdag vart det siste huset rive, fortel NRK.

– Samtidig som det er ei lette å få bort dei øydelagde husa, er det trist å sjå at dei særprega husa er borte, seier administrerande direktør Frank Jakobsen i entreprenørselskapet LNS Spitsbergen.

Selskapet har reive husa på vegner av forsikringsselskapa.

– Mange har jo mista ein del personlege ting. Vi har ordna det slik at dei berørte har fått leite etter ting av personleg verdi, og det har gått så bra som det kan gå, seier Jakobsen.

Det var 19. desember at skredet gjekk frå fjellet Sukkertoppen og ramma dei såkalla spisshusa i Longyearbyen. Nokre hus var flytta opptil 80 meter.

To menneske mista livet – 42 år gamle Atle Husby og 2 år gamle Nikoline Røkenes. Fleire andre vart skadde, og 200 menneske vart evakuerte. (©NPK)

Annonse