Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Marcus Kleveland (17) innleidde snowboard-sesongen med 2.-plass i Mile High-konkurransen i Australia.
npk@npk.no
Publisert: 24.08.2016 kl 14:05
Konkurransen er ein del av oppkøyringa før alvoret verkeleg startar. For Kleveland blir det hans andre sesong på landslaget. I debutsesongen imponerte han stort då han vart den yngste til å lande ein «quadcork».
Denne sesongen leverte 17-åringen frå første løp.
– Dette er den første internasjonale slopestylekonkurransen han gjer det bra i. Det var i eit tøft felt med mange gode køyrarar. Vi såg teikn til dette på NM, der han vann alt han stile opp i. No tar han med seg den sjølvtilliten inn i ein ny sesong, seier landslagstrenar Sondre Hylland.
Svenske Sven Thorgren gjekk til topps. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.