Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Magnus Carlsen tapte for amerikanske Wesley So i Champions Chess Tour-sluttspelet. Nordmannens står med eitt nederlag etter fem rundar.
Publisert: 11.12.2023 kl 20:17
Duellen måtte avgjerast i armageddon etter to remis-parti.
Der «vann» Carlsen kampen om å starte med svarte brikker då han baud på ei lågare tid enn So. Nordmannen fekk 8.53 minutt på seg. Med svarte brikker held det med remis i armageddon for å vinne.
I armageddon-duellen viste So fram storspelet og knuste den norske motstandaren sin. Etter 60 trekk gav Carlsen seg, og ekspertane fann fram superlativa.
– Det han viser no i denne kampen mot Magnus, og måten han vinn på i armageddon, er høg, høg klasse, sa TV 2-ekspert Jon Ludvig Hammer om spelet til amerikanaren.
Neste runde skal Carlsen møte franske Maxime Vachier-Lagrave.
Dei åtte beste poengplukkarane frå årets seks Champions Chess Tour-turneringar er samla fysisk i Canada. Carlsen vann tre av dei og toppar poenglista suverent.
Alle skal møte kvarandre i hurtigsjakk, og etter sju rundar blir det klart kven som får sjansen til å spele om finalesigeren i årets tour. Dei to beste går direkte til semifinalane, medan dei fire neste skal kjempe om dei to siste plassane.
Kampen om finaletittelen er lagt til fredag og laurdag. Carlsen vann CCT-sluttspelet i fjor.
(©NPK)
Magnus Carlsen spelar CCT-finale i Toronto denne veka. Her under Norway Chess tidlegare i år. Foto: Carina Johansen / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.