Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Minst 33 personar er drepne i åtak som franske og russiske kampfly har utført mot IS-mål i Nord-Syria denne veka, opplyser den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights.
npk@npk.no
Publisert: 18.11.2015 kl 09:57
I tillegg blei fleire tital IS-folk såra i åtaka, som fann stad over ein 72-timersperiode frå søndag til tysdag, opplyser SOHRs leiar Rami Abdulrahman.
Kampane mot IS har blitt intensivert dei siste dagane etter terrorangrepa i Paris fredag.
Russlands president Vladimir Putin gav onsdag den russiske marinen om å innleie samarbeid med franske styrkar i kampen mot IS. Putins utspel blei seinare tysdag kommentert av Frankrikes forsvarsminister Jean-Yves Le Drian, som sa at eit samarbeid no vil vere mogleg. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.