SOHR: Over 40 drepne i russisk angrep mot Raqqa

(NPK-NTB-Reuters): Russiske luftangrep mot IS-bastionen Raqqa i Syria kosta 42 menneskeliv, deriblant 27 sivile, ifølgje eksilgruppa SOHR.

Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) opplyser at 15 IS-krigarar var blant dei drepne i ei rad luftangrep tysdag denne veka.

Russland har sidan 30. september ført ein massiv luftkrig mot fiendane til president Bashar al-Assad, deriblant både vestlegstøtta opprørsgrupper og ekstremistar som IS og Jabhat al-Nusra. (©NPK)