SOHR: Syriske og russiske styrkar rykkjer inn i grenseby

Syriske og russiske styrkar har gått inn i den strategisk viktige byen Ayn Al-Arab, også kjent som Kobani, ifølgje eksilgruppa SOHR. Byen grensar til Tyrkia.

- Syriske regimestyrkar og russiske soldatar har gått inn i Kobani, heiter det i ei fråsegn frå den britiskbaserte eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Ein innbyggjar i byen oppgir tilsvarande opplysningar. Vedkommande seier at syriske regjeringsstyrkar kom køyrande inn i byen etter at det blei mørkt onsdag kveld.

Kobani er det kurdiske namnet på den syriske byen Ayn Al-Arab. Byen ligg kloss inntil grensa til Tyrkia.

Ayn Al-Arab var ein av dei første syriske byane som vart erobra av IS i 2014. Kurdisk milits i området fekk luftstøtte frå USA i kampen for å kjempe mot IS. Fire månader seinare, i januar 2015, vart IS påført det første større nederlaget sitt då kurdisk milits overtok byen. Sidan har byen vore kontrollert av kurdiske styresmakter.

USA trekte seg ut frå det nordaustlege Syria då Tyrkia sette i gang offensiven sin. Det førte igjen til at tidlegare allierte med USA inngjekk ein avtale med regjeringa i Damaskus om å la regimestyrkar rykke inn.

(©NPK)

Dette bildet, tatt frå Suruc på den tyrkiske sida av grensa, viser ein forlaten amerikansk militærpost på eit høgdedrag like utanfor Ayn Al-Arab, også kalla Kobani, i Syria. Foto: AP / NTB scanpix