Klargjør siden...

Søk etter sakna 30-åring i Ulvik held fram

(NPK-NTB): Søket etter mannen som er sakna i Ulvik i Hordaland, blir utvida onsdag.

Politiet i Bergen har sendt fire hundeekvipasjar og ein innsatsleiar til leiteområdet rundt Kristinuten i Ulvik, skriv Bergensavisen.

Frå før er Røde Kors og Norske Redningshunder med i søket. Eit helikopter er også klar til å setjast inn.

– Det er skiftande vêr i området, så det er ikkje avgjort om helikopteret deltek i søket, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

30-åringen blei meldt sakna av arbeidskollegaer då han ikkje kom på jobb tysdag. (©NPK)

Annonse