Klargjør siden...

Søkjelys på politiet etter dødsfall i Balestrand

(NPK-NTB): Politiet i Sogn og Fjordane er komme i søkjelyset etter at ein person vart funnen død utandørs sentralt i Balestrand måndag kveld.

Politiet vart varsla om funnet klokka 21.30 måndag, men ifølgje Sogn Avis vurderte operasjonssentralen i fylket det slik at ingen frå verken helsetenesta eller politiet skulle rykke ut.

Avisa skriv at politiet i staden bad dei tre kvinnene som fann vedkommande, om å sende eit bilete av avdøde på mobiltelefon. Dei skal ha fått beskjed om at politiet vurderte dødsfallet til å vere naturleg, og dermed ikkje ei politisak.

Lensmann Kåre Jan Hofrenning i Balestrand og Høyanger seier han vil ha svar på kvifor politiet ikkje vart sendt til funnstaden ikkje langt frå Kviknes Hotel.

Politiinspektør Odd Arve Solvåg i Vest politidistrikt understrekar overfor NRK at det ikkje ligg økonomiske årsaker eller manglande ressursar til grunn for at nødetatane ikkje vart kalla ut.

– I ettertid kan vi nok seie at den vurderinga som vart gjort, burde vore annleis. Vi får beklage at det vart som det vart, seier han.

Politiet vil vurdere saka internt og sjå på rutinane sine etter hendinga.

Ordførar Harald Offerdal (Ap) i Balestrand seier det er ubegripeleg at ingen nødetatar rykte ut. Han viser til at Balestrand er utan eigen ambulanse, at legevakta på kveldstid er i Førde og at det ikkje er stasjonert politivakt i kommunen som for tre år sidan hadde eit innbyggjartal på noko over 1.300. (©NPK)

Annonse