Klargjør siden...

Solbakken om landslagsjobb: – Merkeleg om eg ikkje vil vere ein kandidat

(NPK-NTB): At Ståle Solbakken saknar å bu med familien kan vise seg svært gunstig for det norske landslaget. FCK-trenaren meiner han er ein naturleg kandidat dersom NFF skal på trenarjakt.

– Eg tenkjer at den dagen Norges Fotballforbund skal tilsetje ein ny landslagssjef, så vil det vere merkeleg om eg ikkje vil vere ein kandidat, sidan eg har vore det før. Dessutan har eg fått meir erfaring etterpå, både negativt og positivt, seier Solbakken til VG.

Det er spesielt busituasjonen som gjer at Solbakken kan bli aktuell allereie før kontrakten med FC København går ut i 2018. Overfor VG fortel Solbakken at det viktigaste er at dette er den siste vinteren der familien bur «frå kvarandre».

48-åringen presiserer likevel at han reknar det som utenkjeleg at han får spørsmålet frå NFF allereie i haust.

– Eg trur at den viktigaste kampen for Noreg i haust er Tsjekkia borte, og før den tid trur eg det er blitt siger over Aserbajdsjan og San Marino.

Likevel vil han ikkje heilt avvise moglegheita overfor avisa.

– Det ville vore frykteleg arrogant av meg, særleg når vi er oppe i ein familiær situasjon som gjer at vi skal «samlast» igjen. Vi skal jo finne ei løysing på det i vinter, seier Solbakken. (©NPK)

Annonse