Klargjør siden...
Annonse

Solbakken ser ikkje bort frå VM-boikott

Ståle Solbakken er ikkje tilhengjar av å boikotte VM i Qatar, men seier til danske TV 2 at det ikkje er avvist som verkemiddel for å leggje press på VM-verten.

– Det trur eg alle er samde om, både i det danske og det norske fotballforbundet. Boikott er det siste, desperate verkemiddelet vi er villige til å bruke, seier den norske landslagssjefen i TV-programmet «Lippert».

Ein boikott av neste års fotball-VM kan bli aktuelt dersom det ikkje har skjedd radikale endringar innan meisterskapen kjem i gang, forklarer Solbakken.

Samtidig held han fast på at han at han trur meir på dialog og tydelege protestar. Dei norske fotballherrane tok i mars initiativ til ei t-skjorte-markering for å setje søkjelys på menneskerettsbrota i Qatar, og fleire nasjonar kasta seg seinare på trenden.

– Neste skritt er å leggje større press på Fifa (Det internasjonale fotballforbundet), og det meiner eg at dei europeiske nasjonane skal gjere samla. Fifa skal først og fremst krevje at lover og reglar blir utførte i praksis. Utover det skal dei sørgje for rørslefridom for journalistar under VM, slik at dei får moglegheit til å avdekkje problematiske forhold, seier Solbakken.

(©NPK)

Ståle Solbakken bar ei t-skjorte som minna om at dei norske fotballherrane står opp for menneskerettar i kampen mot Tyrkia i slutten av mars.
Foto: Geir Olsen / NTB