Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Vern av skog er eit avgjerande bidrag til framtida for menneskja, sa statsminister Erna Solberg (H) under opninga av den store regnskogkonferansen i Oslo.
npk@npk.no
Publisert: 14.06.2016 kl 10:32
I opningstalen tysdag morgon understreka Solberg at bevaring av tropisk skog er viktig både i kampen mot klimaendringane og for global berekraft.
– I siste instans er dette eit avgjerande bidrag til framtida for menneskja, sa statsministeren.
Ho meiner den nye klimaavtalen frå Paris vart meir ambisiøs enn nokon hadde forventa på førehand. Det er svært gledeleg at avtalen anerkjenner betydinga av skog for å stabilisere klimaet på jorda, meiner Solberg.
Over 500 representantar for regjeringar, bedrifter, organisasjonar, forskingsinstitusjonar og urfolksgrupper deltar på konferansen Oslo REDD Exchange tysdag og onsdag. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.