Klargjør siden...

Solberg diskuterte demokrati med statsministeren i Polen

(NPK-NTB): Demokratiutviklinga i Polen var eitt av temaa da statsminister Erna Solberg (H) møtte den polske kollegaen Beata Szydlo til politiske samtaler på Statsministerens kontor i Oslo tysdag ettermiddag.

– Vi snakka om dette og også det faktumet at vi er i ferd med å evaluere dette, sa Erna Solberg på spørsmål frå NTB etter samtalane.

Solberg var klar på at Noreg meiner grunnlaget for demokrati ligg i pressefridom og fridom for alle samfunnsinstitusjonar. Ho ville likevel ikkje gå nærmare inn på diskusjonen med den polske kollegaen sin på dette omstridde området.

– Polen kjem frå eit totalitært system, og dei kjenner godt til verdien av fridom og det å verdsette fridom, slo Solberg fast.

Partiet er skeptisk til EU og innvandring og vedtok like etter valet to lovendringar som innskrenkar sjølvstendet til grunnlovsdomstolen og pressa. EU-kommisjonen meiner lovendringane er eit massivt tilbakeslag for demokratiet i landet.

Endringa i domstolen har gjort det vanskelegare for medlemmene der å stanse lovforslag frå regjeringa. EU-kommisjonen har derfor starta ei gransking for å vurdere endringa opp mot rettsstatsprinsippa i EU.

Tidlegare president i Polen og fredsprisvinnar Lech Walesa har òg langa ut mot Szydlos regjering og sagt at ho gjer Polen til eit land verda ler av.

Beata Szydlo har på si side forsvart dei omstridde reformene og sagt at det polske demokratiet lever i beste velgåande. Ho kommenterte ikkje denne saka på pressekonferansen i Oslo tysdag.

På agendaen var òg den store og vedvarande flyktningstraumen til Europa, og tryggingssituasjonen.

– Vår tilnærming til dette temaet er at Europa har eit problem som vi europearar må snakke om i fellesskap, sa Szydlo.

Ho slo fast at Polen arbeider aktivt med humanitær hjelp i både Jordan og Libanon, og at Polen vil hjelpe dei som har behov for hjelp. Ho sa likevel at migrasjon er eit enormt problem for Europa. (©NPK)

Annonse