Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal): Noreg er eitt av dei første landa som melder tilbake til FN korleis vi vil følgje opp berekraftsmåla for 2030.
npk@npk.no
Publisert: 21.06.2016 kl 19:38
– Det er ein ambisiøs plan, og 15 år er kort tid. Vi har inga tid å miste, seier statsminister Erna Solberg (H).
Statsministeren la tysdag fram regjeringsrapporten til FN om korleis Noreg følgjer opp forpliktingane sine og kva prioriteringar som blir gjort.
I juli legg ho rapporten fram under FNs høgnivåforum i New York.
– Vi er eitt av dei første landa som melde oss til ei tidleg rapportering. Ikkje for å sole oss i glansen, men fordi dette er ein svært viktig felles utviklingsagenda, sa Solberg.
Noreg har no plukka ut ein del satsingsområde, og eitt av dei viktigaste er å fremje utdanning og helse for kvinner og barn. Eksempel på tiltak er:
Elles er arbeidet mot avskoging gjennom FNs regnskogsinitiativ eitt av dei viktigaste klimatiltaka i rapporten, poengterte han.
Andre prioriteringar på miljøområdet er:
Organisasjonane meiner regjeringa køyrer eit sololøp og etterlyser ein forpliktande handlingsplan med forankring i Stortinget.
– Innan 2030 skal verda vere fri for ekstrem fattigdom, vere meir rettferdig og fredeleg. Korleis vi skal gjere det, og om vi klarer det, er avhengig av engasjement frå alle og krev felles politiske løysingar på tvers av partia, seier Gunvor Knag Fylkesnes, seksjonsleiar for politikk og samfunn i Redd Barna.
Solberg stiller seg uforståande til kritikken. Ho ser ikkje behov for ein felles, nasjonal tiltaksplan.
– Vi er eitt av dei første landa som har kunngjort kor langt vi har komme. Vi lagar handlingsplanar på dei ulike måla, men dei er vel så forpliktande, seier ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.