Klargjør siden...

Solberg skanna norsk eksportsuksess

(NPK-NTB-Jon Even Andersen): – Han er fanga av Viggo, og båten hans heiter Ridder, kunne statsminister Erna Solberg (H) fortelje om kongekrabben som om kort tid endar sine dagar på ein restaurant i Asia.

Seoul eller Dubai er sannsynleg stoppestad for kongekrabben som fekk eit møte med statsministeren på Gardermoen tysdag.

For sjølv om laksen stadig er suveren storebror i ein stadig veksande eksportmarknad for norsk sjømat, vert kongekrabben løfta fram som eit eksempel på korleis ny teknologi og straumlinjeforma logistikk opnar nye marknader.

Ved hjelp av QR-lesaren på mobilen kunne ho spore kongekrabben tilbake til fiskaren som fanga han.

– Denne er på 3,5 kilo. Her står det også at den største krabben Viggo har fanga var på 6,5 kilo. Dette er jo litt stilig, sa Solberg.

– Der skal eg møte norske bedrifter og leiarar for å snakke om norsk næringsliv og moglegheitene våre for utvikling i dei marknadene. Dette handlar også om omstillinga av Noreg, for vi kjem til å måtte leve endå meir i globale marknader med endå fleire varer i framtida. I tillegg skal eg ha møte om FNs berekraftsmål, der eit tema vil vere korleis dei landa som er godt utvikla kan oppfylle måla sine, seier Solberg.

– Sjømatprodukta våre hadde rekordresultat i fjor og fortset starten på dette året med nye rekordar. No er det mykje anna vi også skal leve av, men fisk er ein del av den nye oljen, seier Solberg.

Elles på programmet for Asia-turen står blant anna møte med president og statsminister i Singapore og presidenten i Sør-Korea, i tillegg til eit besøk ved den demilitariserte sona på grensa mot Nord-Korea. (©NPK)

Annonse