Solberg takkar kommunar som seier ja til flyktningar

(NPK-NTB): Statsminister Erna Solberg (H) takkar kommunar som seier ja til å busetje fleire flyktningar og hevdar at integreringa er ganske god i Noreg.

– Eg har lyst til å takke dykk for rekordtal for busetjing. Noreg er summen av norske kommunar. Seier vi ja til at nokre skal vere her, så skal dei altså også vere i ein kommune, sa Solberg då ho talte til KS' landsting i Kristiansand tysdag.

Ho la til det er «utruleg viktig» at kommunane stiller opp og bidrar til auka busetjing.

– Men eg er fullstendig klar over at dette er krevjande, sa statsministeren.

For eit halvt år sidan kom Frp-leiar og finansminister Siv Jensen med ei ganske annan oppfordring under valkampopninga i partiet i Ålesund.

– Ingen skal føle seg presset. Sei klart nei i alle kommunar i landet til å ta imot fleire flyktningar, sa Jensen ifølge TV 2 den gongen.

Eit hovudbodskap i talen til statsminister Erna Solberg var at norsk integreringspolitikk har vore ganske vellykka.

– Noreg er ganske gode på integrering. Sjølv om vi ønsker eit enda betre resultat, så skal vi ikkje snakke ned eige integreringsarbeid. Vi har ikkje gettoar i Noreg, sa statsministeren. (©NPK)

Annonse