Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Omsetninga til Kværner fall noko i 2015, men selskapet snudde resultatet før skatt frå minus til pluss.
npk@npk.no
Publisert: 16.02.2016 kl 07:45
Kværner omsette for 12 milliardar kroner i fjor, nesten 2 milliardar mindre enn i 2014. Likevel melder selskapet om eit resultat før skatt på 579 millionar, 160 millionar meir enn året før. I fjorårets siste kvartal enda resultatet før skatt på 182 millionar, ei kraftig forbetring frå underskotet på 166 millionar i fjerde kvartal 2014.
Selskapet opplyser at årsaka til den kraftige resultatforbetringa kjem av at resultatet i 2014 var negativt påverka av svekt goodwill på 266 millionar kroner.
– Førre år, inkludert fjerde kvartal, har Kværner greidd å halde oppe eit godt aktivitetsnivå, og produktiviteten har utvikla seg positivt på fleire område. Vi held fram med å møte alle milepælar i prosjektporteføljen vår, og vi var stolte over å ha bidratt til produksjonsstart på den nye Edvard Grieg-plattforma i slutten av november, seier konsernsjef Jan Arve Haugan i Kværner. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.