Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Wolverhampton slo Manchester United ut av FA-cupen i kvartfinalen sist sesong. I januar møtest laga igjen i 3. runde.
stian.johnsen@ntb.no/beate.haugtro@npk.no
Publisert: 02.12.2019 kl 20:34
Det vart klart då trekninga av 3. rundekampane vart gjort på tittelforsvarar Manchester Citys heimebane måndag kveld.
United og manager Ole Gunnar Solskjær får ein vrien bortekamp mot Wolves, som skal spelast mellom 3. og 6. januar.
I mars i fjor møttest laga i kvartfinalen. Då vann Wolves 2–1 på heimegras. Tolv dagar seinare skreiv Solskjær permanent kontrakt som United-sjef.
FA-cupens 3. runde byr òg på eit klassisk oppgjer der Liverpool tar imot byrival Everton. Manchester City fekk heimekamp mot Port Vale, medan Chelsea òg var heldig med heimekamp mot Nottingham.
José Mourinho og Tottenham må ta turen til Middlesbrough. Arsenal speler heime mot Leeds.
(©NPK)
Manchester United skal opp mot Wolverhampton på bortebane i FA-cupens 3. runde. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix