Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Andreas Solstad Alme og Ådne Kristenstuen køyrde inn til sølv- og bronsemedalje i parallellsprinten i junior-VM i telemark fredag.
npk@npk.no
Publisert: 29.01.2016 kl 19:54
I meisterskapen i Dei franske Alpane gjekk gullet til sveitsaren Nicolas Michel. Heimefavorittane frå Frankrike tok dei to første plassane etter dei tre på sigerspallen, mens Amund Moster Haugen enda på delt femteplass.
Noreg hadde òg med Henrik Buck Bryhn. Han vart nummer ni. Øyvind Vagstad og Erik Kvernberg vart slått ut tidlegare og delte 17.-plassen saman med fleire andre køyrarar.
I kvinneklassen enda Gøril Strøm Eriksen på ein fjerdeplass og så vidt utanfor pallen. Vinnaren her var Johanna Holzmann frå Tyskland.
Noreg hadde òg med Guro Helde Kjølseth. Ho enda på ein delt femteplass. Julie Anette R. Dahle og Mari Felde Liljedal delte niandeplassen saman med fleire andre løparar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.