Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Etter at det i helga blei rapportert om ventetid på heile tre timar i passkontrollen på Gardermoen, var det tilbake til normalen måndag.
npk@npk.no
Publisert: 05.09.2016 kl 13:26
– Det har roa seg. No er vi tilbake til ein handterleg situasjon, seier politistasjonssjef Paal Sørhagen på Gardermoen til NTB måndag ettermiddag.
Søndag fekk politiet på Gardermoen den gode nyheita at dei får 14 nye politistillingar.
– Dei kan kome raskt på plass, og vi satsar på at vi ikkje kjem i den same situasjonen igjen som i helga, seier Sørhagen.
Laurdag var det også stopp for dei som hadde gløymt passet heime og trengde nødpass. No er likevel posten open igjen.
Men sjølv om alt gjekk som normalt i passkontrollen måndag, oppstod det nye problem for dei reisande måndag ettermiddag då feil i signalanlegget førte til at det var full stans i togtrafikken. Dermed gjekk det heller ikkje tog til Gardermoen.
– Vi oppfordrar dei som skal ut å fly i dag om å rekne litt ekstra tid, seier pressekontakt Lasse André Vangstein. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.