Songaren Roger Whittaker (87) er død
Den britiske songaren Roger Whittaker døydde førre veke på eit sjukehus i Frankrike, stadfestar familien.
Songaren døydde 13. september, omgitt av kona Natalie (81) og barna deira, melder tyske Bild.
– Roger var ein ikonisk kunstnar, ein fantastisk ektemann og far. Han rørte så mange hjarte med musikken sin gjennom heile livet og vil alltid leve vidare i minna våre, heiter det i ei fråsegn frå familien.
Whittakers offisielle nettside er oppdatert med eit bilete av songaren og teksten «Roger Whittaker 1936-2023».
(©NPK)