Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Influensar Sophie Elise Isachsen uttaler seg i ein NRK-podkast for første gong etter det mykje omtalte festbiletet i februar.
Publisert: 26.06.2023 kl 14:39
– Dette har eg aldri snakka om offentleg før, og fordi det ikkje handlar om berre meg, vel eg mine ord med omhug. Selfien vart posta ved eit mistak. Biletet kunne indikere at det var rus involvert, seier influensaren i ein episode av Sommer i P2 publisert måndag, melder TV 2.
Isachsen har ikkje gitt intervju i etterkant av biletet ho la ut med det som vart tolka som ein liten pose men narkotisk stoff. I sommarprogrammet på NRK P2 fortel gjestene personlege historier åleine i studio.
I tida etter publiseringa i vinter kjende ho på ei stor skam, og vart kvalm berre av å sjå på TV, fortel ho i podkasten.
– Same kven det var på skjermen, var eg sikker på at dei hadde snakka om meg den siste veka. Og ikkje på den måten ein drøymer om, seier ho.
Influensaren seier ho trudde ho hadde verktøya til å handtere ein slik mediestorm, spesielt etter å nyleg ha vore gjennom rehabilitering for pillemisbruk.
– Eg gjekk jo ikkje på piller lenger. Men eg hadde ingen verktøy for korleis eg kunne handtere ei eventuell krise igjen utan piller, seier ho i programmet.
Medieprofilen seier ho etter kvart klarte å forsone seg med saka, har teke meir ansvar for handlingane sine og har komme ut av det som ein sterkare person.
(©NPK)
Bloggar og forfattar Sophie Elise Isachsen, her avbilda på eit arrangement på Nasjonalbiblioteket i 2019. Foto: Vidar Ruud / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.