Sør-Korea og USA held skyteøving ved grensa til Nord-Korea

Sør-Korea og USA har gjennomført ei felles øving på stridsskyting med tunge våpen ved grensa mot Nord-Korea.

Målet med øvinga var å teste og styrkje stridsberedskapen og simulere fiendtleg aggresjon, seier Sør-Korea i ei fråsegn. Øvinga starta 27. desember og vart avslutta torsdag.

Dei to allierte har trappa opp omfanget og intensiteten i felles militærøvingar det siste året. USA har også auka nærværet sitt, mellom anna ved å sende ein atomubåt, hangarskip og tunge bombefly til regionen.

Samtidig har spenninga mellom nord og sør på Koreahalvøya auka medan Nord-Korea har testa langdistanserakettar og taktiske våpen som er meinte å kunne treffe mål i Sør-Korea og Stillehavet.

Etter den siste øvinga i sør skuldar Nord-Korea dei to landa for farlege handlingar som fører regionen på randa av «eit inferno av ein atomkrig».

(©NPK)

Annonse