Annonse

Sørloth klar for Groningen

(NPK-NTB): Alexander Sørloth (19) har skrive ein kontrakt på 4,5 år med nederlandske Groningen, fortel RBK.no.

– Det har ikkje vore ei enkel avgjerd å selje ein ung, framstormande trønder. Men dette var noko han ønskte sjølv og då valde vi å støtte han i det. Heile prosessen har vore ryddig frå alle partar, og det har vore ein positiv tone heile vegen. Han vil alltid vere ein rosenborgar og er velkommen tilbake hit på eit seinare tidspunkt i karrieren, seier sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye.

19-åringen hadde eitt år igjen av kontrakten med Rosenborg. Denne sesongen har han vore lånt ut til Bodø/Glimt. (©NPK)

Annonse