Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Alexander Sørloth er gitt karantene i to kampar og kan gå glipp av toppkampen mot Sivasspor i den tyrkiske superligaen. Det skaper vreide i klubben til nordmannen.
ole.kristian.bjellaanes@ntb.no/hakon@npk.no
Publisert: 14.02.2020 kl 11:50
Sørloth vart utvist i Trabzonspors ligamøte med Genclerbirligi sist helg for å ha dytta ein motspelar. Årsaka til reaksjonen til den norske landslagsspelaren var at Genclerbirligis Fabricio Baiano fleire gonger sparka Sørloth i ein duell dei imellom i forkant.
Disiplinærkomiteen i tyrkisk fotball har i etterkant vedtatt at Sørloth blir utestengd i to kampar som følgje av det raude kortet. Den meldinga vart ikkje godt tatt imot i klubben til trønderen.
– Denne avgjerda er uakseptabel, seier klubbpresident Ahmet Ağaoğlu i eit intervju med TV-kanalen TRT Spor, gitt att av avisa Fanatik.
Han peikar på at den røffe behandlinga Sørloth fekk av Baiano i forkant av reaksjonen til nordmannen kvalifiserte til raudt kort. Ağaoğlu varslar vidare at utestenginga vil bli anka.
Skulle Sørloths straff bli halden oppe, går han glipp av heimekampen på søndag mot Sivasspor. Den kampen blir sett fram til med enorm interesse i Tyrkia.
Sivasspor toppar den tyrkiske superligaen føre nettopp Trabzonspor. Eitt poeng skil laga, men Sørloths lag har éin kamp mindre spelt enn tittelrivalen.
Skulle Trabzonspor nå fram med anken sin og få redusert straffa til éin kamp, er Sørloth speleklar søndag. Den norske landslagsspissen stod nemleg over cupkampen på torsdag mot Erzurum og har såleis allereie sona éin kamp.
Trabzonspor vann kvartfinalen 4–1 i Sørloths fråvær.
Med til historia høyrer det òg at Sørloth for lengst har skværa opp med Fabricio Baiano etter den oppheita duellen sist helg. Tyrkiske medium har referert kommunikasjon dei to imellom i sosiale medium der Genclerbirligi-spelaren beklagar den tøffe behandlinga han utsette nordmannen for.
I Trabzonspor-leiren skapte samtidig det raude kortet stor frustrasjon. Assistenttrenar Eddie Newton, med fortid i Chelsea, var blant dei som meinte at også Baiano burde vore send av banen.
– Eg har aldri sett ein spelar sparke på den måten i heile livet mitt. Tidlegare pleidde Vinnie Jones å forarge motspelarane og sparke slik for å få dei ut av kampen. Eg føler at sparka vart spesielt retta for å få Sørloth ut av kampen, sa han ifølgje Karadeniz Gazete.
No står det att å sjå om Trabzonspors anke blir tatt til følgje. Alexander Sørloth har skåra mål på bestilling for den tyrkiske storklubben denne sesongen. Han er toppskårar i superligaen med 16 fulltreffarar.
(©NPK)
Alexander Sørloth fekk to kampars karantene. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix