Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei amerikanske tennissøstrene Serena (34) og Venus (36) Williams er begge klare for semifinalen i Wimbledon-turneringa.
npk@npk.no
Publisert: 05.07.2016 kl 16:20
Sist oppdatert: 05.07.2016 kl 18:04
Serena Williams er klar for sin 10. semifinale på Wimbledon-graset etter at ho slo Anastasia Pavljutsjenkova frå Russland med 6-4, 6– 4.
Serena Williams er tittelforsvarar og kan ta sin sjuande siger i Wimbledon. Heile tre gonger har ho slått storesøstera (2002, 2003 og 2009). No kan det gå mot ein ny søsterduell.
Williams og Pavljutsjenkova heldt sine servar lenge, men verdseinaren avgjorde dei viktige ballane. I semifinalen møter ho useeda Jelena Vesnina frå Russland. Ho slo Dominika Cibulkova frå Slovakia med 6-2, 6– 2 i sin kvartfinale.
Åttandeseeda Venus Williams tok seg av Jaroslava Sjvedova frå Kasakhstan med 7– 6 (7-5), 6– 2. Kampen varte i ein time og 42 minutt. Den amerikanske veteranen misbrukte sin første matchball, men utnytta den andre moglegheita ho fekk.
I semifinalen torsdag ventar fjerdeseeda Angelique Kerber frå Tyskland. Ho tok seg til semifinale på Wimbledon-graset ved å vinne over Simona Halep frå Romania med 7-5, 7– 6 (7-2). (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.