Klargjør siden...

Sp: – Ingen store endringar i politikken

(NPK-NTB): Omstokkinga i regjeringa vil ikkje innebere merkbare endringar i politikken, trur senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum.

– Dette er ein rein personkabal, seier Vedum til NTB.

Personleg er han mest overraska over at Framstegspartiets nestleiar Per Sandberg er blitt ny fiskeriminister.

– Eg ante ikkje at han var opptatt av fiskeripolitikk. Men eg får berre ønske han lykke til, humrar Vedum.

Han er likevel einig med SV-leiar Audun Lysbakken i at det er uklokt å samle ansvaret for innvandrings- og integreringspolitikk under éin statsråd.

– Når det gjeld innvandring, må ein ofte ha ei tøff linje, mens det motsette gjeld for integrering, seier han.

Samtidig håpar han at den nye innvandringsministeren, Sylvi Listhaug (Frp), vil vere meir opptatt av å få til løysingar og resultat enn å markere politiske standpunkt.

– Som landbruksminister har Listhaug nesten ikkje fått til noko reell politikk, men valde å køyre ei konfronterande linje. No må ho bli meir opptatt av realitetane og få til løysingar og resultat, seier Vedum. (©NPK)

Annonse