Annonse

Sp: Havforskingsinstituttet bør granskast

(NPK-NTB): Fiskeriminister Per Sandberg burde ha sett i verk ei gransking av Havforskingsinstituttet, meiner Senterpartiet.

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Sp-representant Geir Pollestad, er ikkje nøgd med handteringa til fiskeriminister Per Sandberg av konflikten mellom Havforskingsinstituttet og Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL). NSL meiner villaksforskinga til HI ikkje held fagleg mål og har påført næringa dyre og unødvendige avlusingstiltak.

– Sandberg er feig når han ikkje vil gå djupare inn i konflikten mellom NSL og HI. Sandberg burde teke skuldingane frå NSL meir på alvor og sett i verk ei gransking av HI. Det ville sikra ei uavhengig vurdering av påstandane og ville gjeve begge partar høve til å presentera sitt syn, seier Pollestad til NTB.

Han er også kritisk til uttalane til Sandberg om at HI skal vera næringsvennleg og følgja opp politiske ambisjonar med forskinga si.

– Sandberg er populistisk når han prøver å leggja føringar for forskinga. Han svekkjer truverdet til både forskinga og oppdrettsnæringa, seier Pollestad. (©NPK)

Annonse