Annonse
Annonse
Annonse

Sp lanserer nasjonal helse- og sjukehusplan

(NPK-NTB): Senterpartiet legg torsdag fram ein alternativ nasjonal helse- og sjukehusplan. Partiet seier dei avviser alle dei tre utviklingsmodellane til Bent Høie (H).

Annonse

– Vi foreslår ein fjerde utviklingsmodell for sjukehusa: ein nettverksmodell for utvikling av kvalitet, der lokalsjukehusa får ei styrkt rolle. Nettverksmodellen vår byggjer på samarbeid mellom sjukehusa, ikkje konkurranse, som i dag gjennomsyrer helsestellet, seier helsepolitisk talskvinne i Senterpartiet Kjersti Toppe.

Toppe skal saman med partileiar Trygve Slagsvold Vedum og stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen presentere Senterparti-alternativet på Stortinget torsdag klokka 9.

Partiet vil mellom anna avvikle føretaksmodellen og meiner at sjukehusa må ha ein forvaltningsmodell med folkevald styring nasjonalt, regionalt og lokalt. (©NPK)