Sp om ulvevedtak: - Ein veldig arroganse

Senterpartiet meiner regjeringas ulvevedtak er ein hån mot folk som lever med rovdyrpolitikken tett på seg. - Vanvitig, seier Sp- leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Trass i oppmoding frå rovviltnemndene om å ta ut tre ulveflokkar innanfor ulvesona, har regjeringa vedteke at berre Slettås-flokken skal takast ut.

Sp-leiaren meiner det er «vanvitig» at regjeringa verken har lytta til rovviltnemndene eller dei 150 ordførarane som i sommar underteikna eit opprop mot rovdyrpolitikken til regjeringa.

- Ulvebestanden har auka kraftig dei siste åra, og viss det ikkje blir skote meir ulv enn det regjeringa no går inn for, kjem han til å auke endå meir. Dette er stikk i strid med rovdyrforliket, seier han.

Han meiner at statsminister Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) køyrer over lokalbefolkninga og eigne tillitsvalde.

- Når det kjem til stykket, er det viktigare for leiinga i Høgre og Frp å lytte til Ola Elvestuen (V) og byråkratane i Miljødepartementet enn til sin eigne, seier han.

(©NPK)

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner regjeringa køyrer over eigne tillitsvalde. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix