Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Senterpartiet går inn for å leggje ned Jernbanedirektoratet. I tillegg har partiet vedteke at splittinga av togtrafikken på Austlandet må stansast.
Publisert: 25.10.2022 kl 12:06
Sist oppdatert: 25.10.2022 kl 12:47
– Senterpartiets landsstyre har lite forståing for kva samfunnsoppdrag Jernbanedirektoratet har å løyse all den tid jernbanereforma ikkje blir vidareført. Derfor er det rett å planleggje for at direktoratet blir lagt ned. Det vil spare samfunnet for unødig byråkrati, kostnader og ressursar, heiter det i ei fråsegn som vart vedteken på Senterpartiets landsstyremøte tysdag.
Partiet tek også tydeleg standpunkt i striden om splittinga av togtilbodet på Austlandet.
Regjeringa, som Senterpartiet også er del av, har lagt opp til ein prosess der togtrafikken kan bli splitta mellom Vy og Flytoget. Jernbanedirektoratet er i dialog med dei to selskapa om dette.
Dette seier landsstyret no tydeleg nei til.
– Senterpartiets landsstyre vil at prosessen med forhandlingar om togkøyring på Austlandet blir stansa, heiter det i uttalen.
Landsstyret gjer det også klart at Vy bør få tildelt den samla togkøyringa på Austlandet.
Den moglege splittinga av togtilbodet på Austlandet har skapt sterke reaksjonar, mellom anna i fagrørsla. Men samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har forsvart prosessen.
Senterpartiets landsstyre meiner på si side at framgangsmåten er i strid med det Ap og Sp vart samde om i Hurdal i fjor haust. I den politiske plattforma slår regjeringa nemleg fast at dei skal stanse både splitting og konkurranseutsetjing av jernbanen.
– At det vart regjeringsskifte, har tydelegvis ikkje hatt ein stor nok effekt på Jernbanedirektoratet. Tidlegare i haust varsla dei at Flytoget kunne få tildelt ein av dei to pakkane med togkøyring på Austlandet. Dei omgåande reaksjonane frå jernbanesektoren har vore forståelege og planane er i strid med det Senterpartiet og Arbeidarpartiet vart samde om i Hurdalsplattforma, skriv Sp-landsstyret.
Vidare skriv dei at direktoratet har stått i front for splitting og ansvarspulverisering av jernbanen, «til stor motstand frå råka tilsette, fagforeiningar og tillitsvalde.»
Samferdselsminister Nygård har grunngitt delinga av trafikken på Austlandet i to pakkar med at togkapasiteten er sprengd i tunnelen som går gjennom Oslo, og at Flytoget har konsesjon til å køyre gjennom tunnelen 10 gonger kvar time.
– For å få auka kapasitet til passasjerane på toga, må vi gjere noko med det. Flytoget er ein nøkkel, sa Ap-statsråden til NTB i september.
Nygård har likevel sett i gang ei utgreiing av moglegheita for å slå saman Vy og Flytoget, som begge er statlege selskap.
(©NPK)
Senterpartiet går inn for å leggje ned Jernbanedirektoratet. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Senterpartiets landsstyre har vore samla denne veka. Her frå opninga måndag. Partileiar Trygve Slagsvold Vedum får applaus av 1. nestleiar Ola Borten Moe, 2. nestleiar Anne Beathe Tvinnereim, parlamentarisk leiar Marit Arnstad og generalsekretær Knut M. Olsen. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Artikkelen fortsetter etter annonsen.