Spania gjenopnar grensene
Spania, som er svært hardt ramma av koronapandemien, gjenopnar grensene mot nabolanda Frankrike og Portugal 22. juni.
Turistministeren i landet, Reyes Maroto, opplyste det torsdag.
Grensene gjenopnar dermed etter å ha vore stengde i tre månader som eit tiltak for å avgrense ytterlegare koronasmitte.
Turistministeren seier òg at Spania fjernar kravet om 14 dagars karantene for alle som kjem til landet.
(©NPK)
Folk i Madrid deltar i ei markering for alle som har døydd etter å ha blitt smitta av koronaviruset. No er smittefaren vurdert som såpass liten at landet opnar grensene om mindre enn tre veker. Foto: Manu Fernandez / AP / NTB scanpix