Spania nedjusterer koronadødstalet

Spanske styresmakter har kutta talet på koronadødsfall med nesten 2.000 personar.

Dermed er det nye talet nedjustert til 26.834 døde.

Årsaka er at eit nytt datainnsamlingssystem avslører tilfelle der same person har vorte rekna som død to gonger, og som ser bort frå dødsfall som feilaktig har vorte tillagt koronaviruset.

Nedjusteringa betyr at Spanias dødstal ikkje lenger er det fjerde høgaste i verda, men femte høgaste, etter USA, Storbritannia, Italia og Frankrike.

(©NPK)