Annonse

Spania opplever turistboom – blir knytt til terrorfrykt

(NPK-NTB-AFP): Spania har opplevd ein sterk auke i talet på turistar så langt i år, noko som kan komme av at terrorfaren blir sett på som mindre her enn i fleire andre land.

Dei fyrste seks månadane i år kom det nesten 33 millionar besøkjande til Spania, noko som er ein auke på 11,7 prosent jamfør med same periode i fjor.

Den største gruppa kjem frå Storbritannia, medan tyskarar og franskmenn tar over andre og tredje plass, ifølgje offisiell statistikk.

Den mest populære spanske regionen er Catalonia i nordaust, men Kanariøyene og øyer som Ibiza og Mallorca opplever òg stor tilstrøyming.

I 2015 kom litt over 68 millionar utlendingar på besøk til Spania, noko som gjer landet til det tredje mest besøkte landet i verda. Når året er omme, er det venta ny rekord.

Portugal opplever også stor tilstrøyming. I 2015 reiste 10,2 millionar utanlandske turistar til landet, noko som var ny rekord. I år er det venta endå fleire. (©NPK)