Klargjør siden...

Spansk avis: – Bundesliga mest aktuelt for Ødegaard

(NPK-NTB): Det spanske storavisa AS skriv måndag at eit utlån til Bundesliga står på trappene for Martin Ødegaard.

Den norske 17-åringen er for tida i USA med resten av Real Madrid-laget. Etter heimreise vil klubben setja seg ned saman med Hans Erik Ødegaard for å diskutera framtida til sonen, ifølgje AS. Førstevalet skal vera eit utlån til tysk Bundesliga.

Ifølgje tysk Sky Sports skal Hamburg vera ein aktuell klubb.

Real Madrid har allereie sendt Borja Mayoral (Wolfsburg) og Jesus Vallejo (Eintracht Frankfurt) på utlån til Tyskland i dette overgangsvindauga.

17-åringen var også i fjor med på sommaroppkøyringa til hovudstadsklubben. Det var under Australia-besøket han fekk den første kampen sin frå starten då Roma var motstandar i Melbourne.

Av dei 25 spelarane Zidane har teke med seg til Nord-Amerika, kjem elleve av dei frå reserve eller U19-laget, blant andre sønene til franskmannen, Enzo og Luca.

Real Madrid spelar den første kampen sin i USA mot Paris Saint-Germain i Columbus onsdag. Deretter ventar oppgjer mot Chelsea (30. juli) og Bayern München (3. august). I august møter dei heilkvite Sevilla i den europeiske supercupen på Lerkendal. (©NPK)

Annonse