Annonse

Spansk domstol opphevar nedstenging i Catalonia

Ein spansk domstol har oppheva vedtaket til katalanske styresmakter om delvis nedstenging av Catalonia som følgje av ei oppblussing av koronasmitten.

Den delvis sjølvstyrte regionen stramma grepet i helga og kunngjorde søndag at dei 138.000 innbyggjarane i kommunen Lleida må halde seg innandørs, sett bort frå for reiser til og frå jobb eller nødvendige gjeremål.

– Vi må bryte smittekjeda. Vi må avgrense kontakten til å omfatte berre dei vi bur saman med, sa den regionale helseansvarlige Alba Verges.

Ein lokal domstol i Lleida seier vedtaket er ulovleg og at domstolen ikkje vil ratifisere det, skriv Catalonias høgsterett på Twitter.

(©NPK)