Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Spanias landslagssjef Luis de la Fuente er ikkje fornøgd med behandlinga han har fått av eige forbund etter EM-gullet i sommar.
Publisert: 09.10.2024 kl 10:56
63-åringen rykte i desember 2022 opp frå U21-landslaget til å bli ny hovudtrenar for Spania etter Luis Enrique. Ifølgje De la Fuente fekk han likevel ingen ny kontrakt, men beheldt dei same vilkåra som han hadde frå før.
Og sjølv nesten to år og eitt EM-gull seinare har framleis ikkje Spanias fotballforbund (RFEF) tilbode han ein ny og forbetra avtale.
– Det er ikkje normalt for ein europameister å vere utan kontrakt. Eg veit ikkje om det same ville skjedd med Luis Enrique. Eg veit ikkje om det nokon gong har skjedd i historia før, sa De la Fuente i TV-programmet «El Larguero», referert av Marca.
– Eg har dei same vilkåra som då eg rykte opp frå U21. Det hadde vore rettferdig om eg hadde signert ein kontrakt no, sa han.
I februar valde forbundet å aktivere klausulen om forlenging i De la Fuentes kontrakt, som no varer juli 2026.
Då skal det spelast VM i USA, Canada og Mexico. Spania vart verdsmeister i 2010, men dei tre siste VM-sluttspela sidan har enda i stor skuffelse.
(©NPK)
Luis de la Fuente forventar å få ein forbetra kontrakt som spansk landslagssjef. Foto: Salvatore Di Nolfi / Keystone / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.