Spansk region forbyr oksedrap under festivalar

(NPK-NTB-AFP): Styresmaktene i den spanske regionen Castilla y Leon har innført forbod mot å drepe oksar på festivalar der okseløp er ein del av tradisjonen.

Det nyleg innførte forbodet er hovudsakleg retta mot okseløpet Toro de la Vega i byen Tordesillas, eit arrangement som har eksistert sidan mellomalderen og dermed lenge før tyrefekting blei innført i Spania på 1600-talet.

– Regjeringa har godkjent eit dekret om å forby å drepe oksar i offentlegheita under populære og tradisjonelle hendingar, heiter det i ei utsegn frå regionstyresmaktene torsdag.

Forbodet er ein liten siger for dyreforkjemparar, som i mange år har kjempa for å få forbod mot tyrefekting og andre blodige arrangement der tradisjonen er å drepe oksar. For medan det no er forbode å drepe oksar under okseløpet, skal det framleis vere lov med tyrefekting i byen. (©NPK)

Annonse