Annonse

Spansk TV-kanal boikottar spansk supercup

I protest mot at den spanske supercupen i fotball blir flytta til Saudi-Arabia, vil det nasjonale TV-selskapet RTVE ikkje prøve å sikre seg TV-rettane.

Avgjerda om å flytte supercupen til Saudi-Arabia dei neste tre sesongane har møtt sterk kritikk.

Mellom anna har han tidlegare kvinnelandslagsspelaren Veronica Boquete kalla avgjerda «ein siger for pengar og business framfor sport», og den spanske regjeringa har gjort det klart at ho ikkje kan støtte planane.

Torsdag kunngjorde det nasjonale TV-selskapet RTVE at dei ikkje vil gjere noko forsøk på å kjøpe TV-rettane til cupen. Årsaka er at dei meiner Saudi-Arabia set til side menneskerettane.

Endringar

Det spanske fotballforbundet (RFEF) opplyste på nettsidene sine måndag at det òg blir endringar i sjølve cupen, mellom anna at han skal spelast i januar og ikkje på seinsommaren som tidlegare.

Supercupen vil bli avvikla som ei turnering der fire lag deltar. Måndag vart trekninga av semifinalane for 2020-utgåva gjennomført. Der skal regjerande seriemeister Barcelona ut mot Atlético Madrid, medan Real Madrid møter Valencia.

Overskot til amatørane

Turneringa blir spelt i perioden 8. til 12. januar, og alle kampar skal gå i den saudiarabiske byen Jeddah.

Det spanske fotballforbundet har ikkje opplyst kva det får ut av avtalen med Saudi-Arabia økonomisk, men delar av overskotet skal brukast på amatør- og kvinnefotball.

I 2017 vart det tillate for kvinner å vere til stades ved fotballkampar på stadion i Saudi-Arabia.

(©NPK)

Barcelonas Lionel Messi skal spele den spanske supercupen i Saudi-Arabia. Det har ført til fleire protestar. Foto: Joan Monfort / AP / NTB scanpix.