Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Den splitter nye aluminiumsbåten til brannvesenet i Øygarden kommune i Hordaland er stolen. – Utruleg trist, seier brann- og beredskapssjef Jan Gaute Haug.
npk@npk.no
Publisert: 01.07.2016 kl 19:19
Båten, som er verdsett til 500.000 kroner, vart borte frå båtplassen ved Straumane i Blomvåg ein gong mellom torsdag klokka 15 og fredag klokka 9, skriv Øygarden kommune på sine nettsider.
Brann- og beredskapssjef Jan Gaute Haug i Øygarden kommune seier til Bergensavisen at dei trur båten er stolen og har meldt forholdet til politiet.
– Vi i brannvesenet synest det er veldig trist. Vi har gledd oss til å få ny båt og ha den i beredskap. No håpar vi verkeleg at den kjem til rette, seier han.
Båten vart levert til brannvesenet tidleg i mai. Den er på 23 fot og har ein motor med 150 hestekrefter, fortel Haug.
– Vi har drive opptrening, så båten har enno ikkje vore i full drift, seier han
Kommunane oppfordrar publikum til å kontakte politiet dersom nokon har sett båten eller har andre opplysningar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.