Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Publisert: 30.10.2023 kl 20:00
Søndag kveld skulle Volda spele mot Haslum Håndball Damer på bortebane i Nadderud arena, som også var ein av hallane dei brukte som inspirasjon då dei skulle byrje å planleggje VCA. Før kampen låg Volda på førsteplass på tabellen, og Haslum var hakk i hæl.
Publisert: 28.10.2023 kl 13:00
Hornindal Skisenter er godt i gang med førebuingane til vinterens sesong. Med store utbetringar i anlegget, og ei investering til om lag ein million kroner, vil det etablerast eit splitter nytt tilbod både vinterstid og sommarstid.
Publisert: 26.10.2023 kl 16:00
Det oppstod ein situasjon etter kampen mot Hødd 2 som førte til at ein Volda-spelar fekk raudt kort i dommargarderoben. Ein Hødd-spelar og ein Volda-spelar fekk også gule kort. – At spelarane våre blir provosert av ein slik framferd har vi ingen vanskar med å forstå, og eg beklagar det som...
Publisert: 20.10.2023 kl 18:00
Etter sigeren mot Molde 2 har Volda fått ei bittelita luke ned til nedrykksstreken, men treng framleis poeng for å halde seg i 3. divisjon. Berre siger er godt nok når dei møter nedrykksrival Hødd 2 til lokaloppgjer på Volda stadion.
Publisert: 18.10.2023 kl 20:00
Laurdag vart Volda rideklubb tildelt 100.000 kroner frå Gjelsten Stipendet. Dette skal gå til å byggje nye gjesteboksar ved anlegget.
Publisert: 14.10.2023 kl 16:05
Voldadamene tapte laurdagens kamp mot Blindheim med 2-0. Håpet om både Fylkesmeistertittel og opprykkskvalik er likevel ikkje ute. Volda skal møte Kristiansund BK i sin siste kamp i serien
Publisert: 14.10.2023 kl 15:10 - Oppdatert: 14.10.2023 kl 16:10
Volda låg under 2-1 til pause, men snudde kampen i andre omgang då Dacosta Boadu vart Voldahelt etter sine tre skåringar på Volda Stadion laurdag.
Publisert: 25.09.2023 kl 19:00 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 22:27
Trass ein slurvete første omgang frå Volda si side stod det 1-1 til pause mellom Hødd og Volda. I andre omgang heva Volda seg mykje og vann til slutt 4-1 mot Hødd.
Publisert: 23.09.2023 kl 15:00 - Oppdatert: 25.09.2023 kl 14:47
Volda vann laurdag den viktige kampen mot Førde. Karim Bassam El-khabit vart kampen sin einaste målscorar i det 49. minutt, sjølv om heimelaget skapte mange gode sjansar i første omgang. Andre omgang vart jamnare, men Volda drog i land ein fortjent siger og tok tre særs viktige poeng i kampen...
Publisert: 23.09.2023 kl 14:01
Det var Knut Erik som skåra første målet til Ørsta, og etterpå sette Ørsta inn to mål til.
Publisert: 09.09.2023 kl 15:30 - Oppdatert: 27.12.2024 kl 16:20
Med 0-3 til pause var det nok ingen som trudde på Voldasiger mot HamKam2 på Volda Stadion laurdag. Det vart det heller ikkje. Men spanande vart det då Volda på overtid hadde fleire store sjansar til å utlikne.
Publisert: 04.09.2023 kl 09:38
Laurdag 2. september vart Melshornløpet arrangert i Volda. Dette er ein del av Alpetrippelen som består av «Saudehornet rett opp», «Melshornløpet» og «Saksaløpet». «Melshornløpet» er det «Melshornets venner» som står bak.
Publisert: 03.09.2023 kl 20:05
Den første seriekampen i førstedivisjon for handballdamene, gjekk føre seg på heimebane mot Kjelsås.
Publisert: 27.08.2023 kl 16:00
Dei er heilt samde, Anna Egset Nedreberg (8) og Julian Trogstad (6): – FFO er veldig gøy! Onsdag feira Fotballfritidsordninga (FFO) i Volda 10-års jubileum.
Publisert: 26.08.2023 kl 13:55 - Oppdatert: 26.08.2023 kl 15:07
Tobias Vassbotn Evebø gav Volda leiinga to gongar mot Florø laurdag. Men bortelaget kom attende og klarte uavgjort på Volda Stadion.
Publisert: 22.08.2023 kl 08:31
KFUM Volda volleyball ynskjer å føre opp eit spensttreningsanlegg, som også kan nyttast som tribune, mellom sandvolleyballbanene på Årneset og parkeringsplassen.
Publisert: 19.08.2023 kl 18:00
Volda TI Fotball (VTI) arrangerte TINE Fotballskule i år også, slik som dei har gjort i mange år tidlegare.
Publisert: 18.08.2023 kl 18:00
I helga vart det arrangert EM-runde nr. 3 og 4 i Trial, og for første gang på mange år stod arrangementet på norsk jord, i Hobøl i Viken. Det er første gang nokosinne at ein deltakar frå Volda og Ørsta Trialklubb deltek i EM, og det vart ei god oppleving for Gustav Wilhelmsen (17) frå...
Publisert: 18.08.2023 kl 16:00
Om lag 40 born fekk boltre seg med kjekke leikar, kast, hopp og løp i regi av Ørsta IL friidrett på tampen av skuleferien.
Publisert: 14.08.2023 kl 18:50 - Oppdatert: 14.08.2023 kl 19:59
Volda låg under 2-0 til pause mot botnlaget Raufoss2. Heimelaget hadde nokre gode sjansar utan å lukkast franfor mål. Medan bortelaget var effektive etter Voldafeil. Etter pause vart Volda til tider både rundspelt og fråsprunge. Då dommaren bles av ved full tid hadde Raufoss scora 4 mål...
Publisert: 14.08.2023 kl 12:00 - Oppdatert: 14.08.2023 kl 16:16
I kveld startar haustsesongen for Voldaherrane I Norsk Tipping-Ligaen. Raufoss2 ligg heilt sist på tabellen med berre 3 poeng. Likevel vert det nok spennande på Stadion. Volda har mista 6 spelarar i sommar og fått inn to nye.
Publisert: 09.08.2023 kl 18:00
Tobias Lillestøl frå Volda blir ei sentral brikke i Metizport sitt nye lag i Good Game-ligaen.
Publisert: 08.08.2023 kl 18:00
Kristine Eikrem Engeset frå Ørsta er tatt ut til kvinnene sin 5.000 meter under VM i Budapest seinare denne månaden.
Publisert: 08.08.2023 kl 11:00
I Volda E-sport er det i dag ein stor overvekt av gutar. Dette vil Maria Nordal frå Volda E-sport gjere noko med.
Publisert: 04.08.2023 kl 12:05 - Oppdatert: 04.08.2023 kl 18:21
For dei lokale laga er Norway cup over for i år, dei kan sjå tilbake på sterke prestasjonar i Oslo.