Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-TT): Den svenske strøymetenesta Spotify har nådd ein ny milepæl og har no passert 100 millionar aktive brukarar i månaden.
npk@npk.no
Publisert: 20.06.2016 kl 18:12
Det skreiv Wall Street Journal måndag. Dei fleste av Spotify-brukarane lyttar til musikk gjennom den reklamefinansierte versjonen av tenesta. 30 millionar av dei aktive månadlege brukarane er betalande abonnentar.
Det gjer at Spotify no satsar på å utvikle annonseverksemda si i staden for å berre bruke den reklamefinansierte delen av tenesta til å lokke til seg nye brukarar av betalingstenesta.
Det svenske selskapet, som vart grunnlagt i 2008, har stått heilt i spissen for strøymerevolusjonen i musikkbransjen. Omsetninga til Spotify auka i fjor med 80 prosent til nærmare 2 milliardar euro, men selskapet har hittil ikkje klart å gå i pluss.
Spotify har dei siste åra møtt stadig hardare konkurranse. IT-giganten Apple oppretta i fjor si eiga strøymeteneste, mens Jay-Z står i spissen for rivalen Tidal, som hiphop-mogulen lanserte da han kjøpte det norsk-svenske eigarselskapet bak WiMP. (©NPK)