Annonse

Stöckl signerte for fire nye år: – Ein lette å få på plass

Alexander Stöckl har forlengt avtalen sin som sjef for dei norske skihopparane til etter OL i Milano og Cortina d'Ampezzo i 2026.

Kontrakten vart underteikna måndag. Dagbladet omtalte forlenginga først.
– Det kjennest bra å ha signert. Det er ein lette at vi har det på plass, og at vi kan fokusere på det som er viktig, nemleg det sportslege, seier Stöckl til NTB.
48-åringen vart tilsett som norsk landslagstrenar i 2011. Han erstatta då finske Mika Kojonkoski. Sidan har han hatt stor suksess i jobben.

Juridiske småting

Forhandlingane om ein ny avtale for austerrikaren har gått føre seg ei stund. Det har lenge vore snakk om at partane har vore samde, men stadfestinga har late vente på seg. No er kontakten som strekkjer seg til sommaren 2026 altså signert.
Stöckl vil då ha vore landslagstrenar i 15 år.
48-åringen avviser at det har lege konfliktmateriale i at det har drygd med å få dei siste detaljane på plass. Ei munnleg semje mellom han sjølv og landslagssjef Clas Brede Bråthen skal ha vore på plass i fleire månader.
– Det var berre småting som måtte avklarast juridisk. Det er sånn det er med sånne kontraktar. Det er greitt at ein får gjort det ordentleg før ein signerer, så blir det ikkje noko problem i etterkant, seier Stöckl.

Aldri i tvil

Det bles periodevis svært tøft i hoppleiren førre sesong. Konflikten mellom Clas Brede Bråthen og leiinga i Skiforbundet bidrog til det. Stöckl avviser likevel at støyen skapte tvil i han rundt å halde fram som hopparanes sportslege ansvarlege.
– Nei, det gjorde det ikkje, med tanke på det samarbeidet som har vore. Vi har framleis mykje på planen, seier austerrikaren, som samtidig vedgår at støyen har vore forstyrrande.
– Absolutt. Men no er fokuset på det sportslege. På utøvarane, fastslår han.
Stöck har bakgrunn som assistenttrenar på det austerrikske landslaget, og han har også vore trenar for juniorlandslaget i heimlandet. Også i dei rollene leverte han sterke resultat.
EMBED START Image Hopptrenar Alexander Stöckl etter nyttårshopprennet i Olympiabakken i Garmisch-Partenkirchen. Foto: Geir Olsen / NTB EMBED END Image(©NPK)