Stabile reintal i Finnmark er godt nytt

(NPK-NTB): Talet på rein i Finnmark ser ut til å halde seg på omtrent same nivå i år som i fjor, viser ein førebels oversikt frå Fylkesmannen.

I Aust-Finnmark ligg dei førebelse berekningane på 66.700 rein. Det er 1.400 fleire enn for eitt år sidan, men med god margin til øvre fastsette reintal på 70.650. I Vest-Finnmark er dei tilsvarande tala 79.150. Det er opp 200 frå eitt år tilbake og dermed 1.000 over øvre fastsette reintal.

– Det er veldig gledeleg at så mange reindriftsutøvarar sluttar opp om den måten å forvalte ressursane i reindriftsnæringa på. Dei som har meldt inn eit reintal som ligg over det som er fastsett, vil bli følgt opp av Fylkesmannen i Finnmark når dei endelege tala ligg føre på andre sida av sommaren, seier administrerande direktør Jørn Rolfsen i Landbruksdirektoratet i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse