Annonse

Stabile resultat for Telenor

(NPK-NTB): Telenor fekk eit driftsresultat på 6 milliardar kroner i andre kvartal i år, omtrent som i andre kvartal i fjor.

Omsetnaden til selskapet i andre kvartal var 32,5 milliardar kroner, opp frå 31 milliardar andre kvartal i fjor.

Selskapet hadde ein auke i mobile trafikk- og abonnementsinntekter på 4 prosent, medan den totale omsetnaden var påverka av lågare sal av mobiltelefonar, opplyser selskapet i ei pressemelding. (©NPK)

Annonse