Klargjør siden...
Annonse

Stadfesta: Torgeir Børven klar for Vålerenga

Torgeir Børven returnerer til Eliteserien og Vålerenga. Spissen har spelt 43 kampar i kongeblått tidlegare og får igjen Dag-Eilev Fagermo som trenar.

Noverande VIF-trenar Fagermo leidde Odd då Børven fekk gjennombrotet sitt for litt over ti år sidan. På nettsidene sine stadfestar Vålerenga at dei to no blir gjenforeina. Børven har spelt totalt 196 kampar i Eliteserien gjennom karrieren.

Børven blir henta inn som eit spissalternativ etter at Vidar Örn Kjartansson var ferdig i klubben i juli.

Spissen starta karrieren i Odd før han vart seld til Vålerenga i 2012. Der vart han i to år og spelte 43 kampar før overgangen til nederlandske Twente. Etter eit utlån i Brann den neste sesongen vart han permanent klar for bergensklubben i 2017.

Derfrå returnerte han til Odd, før han signerte for Rosenborg i 2020. Sidan har han vore innom Ankaragükü og Gaziantep i Tyrkia, før han igjen er klar for eliteseriespel i Vålerenga.

Nyleg vart landslagsstoppar Stefan Strandberg klar for ein retur til klubben som har vist gryande form den siste tida etter ein svak sesongstart. Oslo-klubben har fem sigrar på rad, og kan for første gong i eliteseriesamanheng vinne seks kampar på rad om dei slår HamKam borte til helga.

(©NPK)

Torgeir Børven er Vålerengas nye spiss.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Annonse